Feb 3, 2007

No har vi hatt tre reisedogn paa rad, forst minibus fraa Chiang Mai til grensa, og saa slow boat to heile dagar (med overnatting mellom) i Laos, til vi naadde maalet, Luang Prabang. Slow boat var ein fantastisk maate aa reise paa, ein opplevelse i seg sjolv! Sjarmerande gamle trebaatar fylt til randen av folk i alle alderar. Mekongelva og landskapet rundt var flott og veldig asiatisk. Det vi (og resten) gjorde paa var for det meste aa lese - eg har lese ut Jonas av Jens Bjorneboe desse to dagane, og sjolvsagt blitt veldig engasjert/provosert :)

Slow boatar i havna. Ganske stilige :)




Kodakmoment! Eg er litt usikker paa om det er lov aa ta bilete av munkar, men han merka meg ikkje (eg er langt unna og zoomar) - munkar ser vi forresten overalt her i Soraustasia!

Nokre smaa gutar kom berande med nokre klessekkar - perfekte sitteplassar for vonde ryggar. Marie er innlevd i Engler og Demoner.



Eit utsnitt av slow boaten og passasjerane (Kjartan som hoyrer paa musikk framme


Luang Prabang er en sjarmerande liten by nord i Laos, arkitekturen vitnar om den franske kolonifortida. Kvite murhus med morkt tre paa dorer, vindu og moblar. Mykje kunstgalleri og marked med lokalt handverk. Trudde vi var lei av marked etter Beijing, Bankok og Chiang Mai, men dette var noko heilt anna! I dag har Kjartan bursdag, han vart vekt med bursdagssong, dikt og gaave (dopapir, sjokolade og minikonjakk - det vi hadde raad til, var problematisk aa faa tatt ut pengar i gaar) Vi har leigd syklar (7kr dagen!) og sett ulike tempel og en del kunst. I det storste tempelet paagjekk det en slags festival, ein munk sat og sang boner og mange lokale sat og hoyrte paa og ba. Kjartan gjekk inn og naar vi saag inn hadde ei gammal dame surra eit skjerf runt han, laert han aa be paa riktig maate og til riktig tid og ho gav han frukt. Han blei der inne ganske lenge, eg og M lurte paa om han hadde konvertert. I mellomtida spelte vi Gruble :) No skal vi ete middag og seinare feire bursdagen til Kjartan paa pub med nokre venner fraa Chiang Mai.


Buddha, Kjartan og meg.

Kjartan og Marie kjoper fotball av straa, fin aa trikse med (for dei som kan saant...)

3 comments:

Unknown said...

Eg blir jo heilt sjuk etter å komme meg ut i verden av å sjå bileta, og å lese ditta. :)

Marièl said...

Mannen som sit bak jenta med rosa skjerf på biletet der Kjartan høyrer på musikk ser ut som Arne Søholt når du ser raskt på det.. Eg bjynte å lure på om dåkke hadde teke me han på turen... I dag er det TM her i bartebyen: Det vil seie trøndersk meisterskap i korps.. Ganske stas å vere teke inn i korpsvarmen frå det tidlegare groupietilveret! Kos dåkke!

Anonymous said...

det jeg var ute etter, takk