Jan 29, 2007

Trekking



No er vi tilbake i Chiang Mai (by i nord-Thailand) etter tre dagar med trekking i "jungelen" (var ikkje saa altfor ulikt heime). Vi var ei gruppe paa 14 stk i alderen 19 til 27 (vi er alltid yngst..) fraa Norge, Tyskland, New Zealand, Kroatia/Sverige, Australia og England (m.a.o veldig mange engelskspraaklege!). Veldig kjekk tur med litt svetting (vi trudde det skulle vere verre), lite mat (tre maaltid om dagen er lite utan mellommaaltid, og ris/gronsaker mettar ikkje lenge), litt meir drikke, kortspeling, gitarspeling og prating rundt baalet. Forste dagen var vi paa bamboo rafting og siste dagen elefantridning, ellers gjekk det i bading i foss og gaaing. Forste natta overnatta vi ved ein foss for oss sjolve og andre natta var vi i ein landsby. Eg synes litt synd paa dei som bur der, med stoyande turistgrupper kvar kveld, men dei var smilande og hyggelege. Uvant med alle dyra som gjekk rundt fritt (hundar, kuer, villsvin, hone, haner, kyllingar, kattar!) Provar aa beskrive resten med bilete, ettersom tida gaar fort her paa internettkafeane!

"Soverommet" vaart, utstyrt med myggnetting og mange tepper (natta var kald!)

Philip (fraa Tyskland), meg og Dinko (fraa Kroatia, men bur i Sverige)


John (som forovrig lignar paa Vince Vaughan!) har aate ein chili :P

Morgonkaffi ved baalet. Kjartan, John, Dave, Vivian (alle tre aussiar), Stephanie (tysk) og Mark (engelsk)

ng lang rekke - trekking

Landsbyen vi sov i andre natta. Her har dei omtrent ikkje kontakt med omverda!


Eg og Stephanie stod opp en time for dei andre for aa sjaa soloppgangen (gjekk uansett ikkje aa sove med galande hanar). Her tar eg bilde av meg og ei landsbyjente ved baalet :)


Vi sit alle stabla paa lasteplanet, paa vei til lunsj for elefantridning.


Eg og Marie paa elefanten "vaar". Marie var mest skeptisk paa forhaand, men ho var den som satt framme paa sjolve elefanten (egentlig satt vi begge i eit sete midt paa, men guiden utfordra ho) Eg synes aa ri paa hest er skumlare, elefantane bevegar seg saa rolig. Men han aat ca halve skogen paa vegen og blei irritert (med lyd!) eit par gonger....

Jan 24, 2007

Late dagar i Bankok

Marie og Kjartan oppdaterer seg paa nyheter medan vi ventar paa passbilete vi har tatt.

Maa skrive endaa ein blogpost her, sidan det kanskje blir ei stund til neste. Som sagt er vi litt storbyleie, saa vi har ikkje gjort saa mykje her i Bankok utanom aa virre rundt og kjope litt klede (kule t-skjorter til 30kr, fake billabongshorts til 45kr, veske til 40kr - vanskeleg aa la vaere!)

I gaar var vi faktisk paa MBK center (eit gigantisk kjopesenter!) fraa kl.13 til kl.01. Etter litt handling, Starbucks og middag provde vi ut kinoen i toppetasjen. Deilige seter, knallbra lyd og en veldig god film (heldigvis engelsk tale) - Blood Duamond, ein film om konflikten i Sierra Leone, med bl.a Leonardo diCaprio og Jennifer Connelly. Neste gang eg skal ut paa tur blir det Afrika! Paa kinoen opplevde vi forresten noko spesielt: Midt mellom alle reklamane kom bilete av kong Bhumibol akkopagnert av nasjonalsangen og alle royste seg (heldigvis hadde eg lest i Lonely Planet at dette kunne skje, t.d paa togstasjonar, saa vi royste oss fort vi og) og sto som i giv akt heile sangen. Vi visste at dei er veldig opptatte av kongen (som har sete i 60 aar!), men paa ein kino!?
Naar vi kom heim til hostellet tok vi et par ol og snakka litt med nokre andre backpackarar paa hostellet. Dei fleste er er australske, hostelleigaren er australsk. Vi fekk mailadr til James, han kjem fraa Newcastle "down under" og kan vise oss rundt naar vi kjem dit :) Han var paa veg heimj, hadde vore nokre veker i Indokina og opplevd mykje rart. Han kom nesten i fengsel fordi politiet meinte han hadde dop i tinga sine (sjolv om dei ikkje fann det, og han hadde jo ikkje noko heller), og maatte betale seg fri med fleire tusen dollar. Naar han var i Laos vaakna han om natta av at nokon rota gjennom tinga hans. I Kambodsja kom han 5min etter ei gammal dame hadde dodd. Ho hadde ingen andre, saa han "did the praying and paid for her funeral and stuf"!! Haapar det hjelp litt at vi er tre som kan passe paa kvarandre!


Endaa ein slakk dag i Bankok (men kanskje vi skal paa thai boxing) og saa tar vi i morgon toget til Chiang Mai (i Nord-Thailand) der vi skal paa ein tre dagars "trekking"

Paa vei til aa fikse visum med tuk-tuk (pris:2kr)

Jan 23, 2007

Oppsummering Beijing del 2

(Beklager at denne bloggen blir saa rotete,men det er varierande kvalitet paa desse nettkafeane)

Nokre fleire Beijingbilete:
Marie og Kjartan ser utover trafikken i Beijing. Dei koyrer veldig seint til aa vere ein by, og har eit merkeleg trafikksystem. Dei skiftar filar heiletida, tutar og stoppar ikkje for fotgjengarar med mindre vi gaar rett framfor bilen (og trur vi skal bli paakoyrt!) Men det funkar,og er ikkje saa skummelt naar ein blir vant til det. Bankok er nok verre!


Turistar?? :D


Kjartan og ein vanleg kinesisk middag. Til den folger det med ol,og dei er store; 600ml flasker med over 10%!


Vi avslutta siste kvelden i ein karaokebar,men overlot synginga til desse flinke jentene. Dei sang Lene Marlins "sitting sown here"paa kinesisk!!

Beijing var paa ein maate "berre ein storby", vi har jo sett slike for.Men samtidig erdet mange smaa skilnader fraa Europeiske byar, vi er jo paa andre sida av jorda! Kinesarane er veldig reinslige. Gatene er reine og fine, og metroen luktar ikkje i det heile (eg hugsar fortsatt stanken i Paris!). Folk leikar meir, baade yngre og eldre. Dei speler kort, triksar med smaa ballar,ler og kosar seg. Kinesarane lar oss vestlege turistar (ofte foler vi oss somdei einaste) vaere i fred, t.d
paa metroen. Paa dei typiske turistplassane derimot; Kinesiske turistar fraa landsbygda har aldrisett kvite for og blir svaert begeistra. Ofte maa vi stille opp paa bilder, der eg er spesielt populaer (hogda og den "rare" haarfargen). Dette er berre hyggelig, det som er litt verre er alle dei unge mennene som er "college students and want to practise their english". Dei er hovudsakleg ute etter Kjartan, men vi lar oss ikkje lure.

Men no er vi altsaa i Bankok,og middagstid naermar seg. Vi skal ta en taxibaat til Khao san Road (den beromte backpackergata - ogsaa sett i "The beach") og sjekke ut livet der. Framover blir det nok meir blog og mindre mail. Men eg vil gjerne lese mail!

Oppsummering Beijing

Nokre bilete fraa veka i Beijing:


Marie og Kjartan et frukost (internasjonal med egg&bacon) paa vaart supre hostel, Templeside house hostel. Det kan sjaa ut som sommar,men som kleda fortel var temperaturen rundt 0 grader..

Nasjonalmuseet var stengt,men vi motte desse jentene, kunststudentar ved universitetet. Dei tok oss med til ei utstilling i same bygget,med studentane sine arbeid. Kunsten var veldig bra og dei var flinke aa fortelle om teknikkar og symbol. Vi endte opp med aa kjope litt kvar, til studentpris. Vi fekk kinesisk te og dei ga oss mange Beijing-tips.


Kjartan,Marie og meg framfor den himmelske fredsport (hovudattraksjonen er sjolvsagt Mao).


Sot dame vi kjopte nudlar av inne i den forbudte by. Byen var stor,og vi vart svoltne. Dei har ferdignudlar overalt i Kina til ein rimeleg penge!


Aalyiah (amerikansk jente som budde paa hostellet) og Marie paa Muren. Vi er nettopp starta,og ved friskt mot :)


Kjartan paa muren. Han bestemte seg for aa springe i forvegen...


Her blir eg lurt, to mandariner for 10 RMB (8,5kr)! Eg skjonte jo at det var dyrt,men korleis skal ein prute naar selgeren ikkje kan engelsk? Her laerte vi ogsaa at dei har ein meir innvikla (sjolvsagt) maate aa telje paa fingrane paa. Fire fingrar er ikkje fire.... Heldigvis har vi ikkje endaa vore oppi noko verre lureri (Trur vi)

Jan 22, 2007

One night in Bankok

Det gikk ikkje an aa bruke bloggen i Beijing. Skal prove aa legge inn bilder og skrive litt om Kina i morgon.

Etter ei veke med same dongeribuksa og ullundertoy har vi no komt til Bankok. I natt naar vi landa var det svettetemp og det uten sol! Heldigvis aircondition paa romma her paa "Big Johns hostel". Kjartan har vore sjuk det siste dognet, men vi haapar han kjem seg her i varmen :) Vi er ikkje lystne paa aa vaere her i Bankok saa mange dagar, nok med storby for no. Vi er klare for nye eventyr, i Nord-Thailand og Indokina!

I dag skal vi se litt paa byen, ta en elvebaat og gjore en del aerend (visa, sikkerhetsskap, fleire sommarkle, flipfloppar, bussbill nordover osv.) og snart vil eg paa thaiboxing!!

Jan 16, 2007

胡同!!

Ojoj - et uforutsett problem; alle nettsidene har kinesiske tegn saa eg maa bare gjette meg fram til kor ting er... No er vi altsaa framme i Beijing, etter over et dogn paa reisefot. Vi trudde det skulle bli mykje flyplassventing, men tida gjekk utrulig fort, kanskje fordi vi uerfarne backpackarar var saa treige med aa orientere oss :p Vaar forste langdistanseflytur var ogsaa bra, med egen skjerm+fjernkontroll der vi kunne velge mellom fleire filmar, musikk, spel o.l - vi kunne ogsaa sjaa webcam fra undersida av flyet :) Kjartan satt litt "aleine", men han kom i prat med ei kinsesisk jente, Ding-Ting, som studerer i Frankrike og kunne meir fransk enn engelsk. Ho var veldig hjelpsom naar vi kom fram til Beijing og hjalp oss med alt fra aa finne ut av transport til pengesystem og aa si hei paa kinesis - ni hao! Og saa gav ho oss nokken rare heimelaga bollar med kjott i :)
Det var ganske vanskelig aa finne det forhandsbestilte hostellet, ingen av folka paa flyplassen eller taxisjaaforane visste kor det var. Taxisjaaforen kjorte i ring i en time, og vi bekymra oss sjolvsagt for prisen. Den var iallefall grei - 100 yen (ca 100kr). Her er det aldt og litt slumaktig (vi bur i hutongen - gamlebyen) - men vi overlever nok! Og det med a sengene harplankemadrasser er faktisk heilt sant - ingen fjaering! No skal vi ut og gaa litt rundt paa maafaa og se om vi finner oss en matbit. Saa har vi en del sovn og tid aa ta igjen (vi har "tapt" 8 timar!)

Jan 3, 2007

12 dagar igjen!

No er det 12 dagar til vi forlet Norge til fordel for Kina og Beijing. Det har nok ikkje gått heilt opp for meg endå, sjølv om alle ønsker meg god tur og spør om eg er klar til å reise. Klar? Tja, eg har ikkje byrja å ta malariamedisin (har faktisk ikkje peiling på kva slags eg skal ta og når), ikkje heilt funne ut kva sekken skal innehalde og ikkje kjøpt alt utstyr. Eg støttar meg til "pakk lite og kjøp heller det du treng i Asia - der er det så billig"-filosofien og håpar eg finn klede som passar ei 1,79 m høg jente :p Denne gongen er det ikkje så viktig at eg hugsar tannbørste - billettane og passet derimot! Eg har i dag kjøpt Roskildebilletten, så då er den sikra :)