Jan 29, 2007

Trekking



No er vi tilbake i Chiang Mai (by i nord-Thailand) etter tre dagar med trekking i "jungelen" (var ikkje saa altfor ulikt heime). Vi var ei gruppe paa 14 stk i alderen 19 til 27 (vi er alltid yngst..) fraa Norge, Tyskland, New Zealand, Kroatia/Sverige, Australia og England (m.a.o veldig mange engelskspraaklege!). Veldig kjekk tur med litt svetting (vi trudde det skulle vere verre), lite mat (tre maaltid om dagen er lite utan mellommaaltid, og ris/gronsaker mettar ikkje lenge), litt meir drikke, kortspeling, gitarspeling og prating rundt baalet. Forste dagen var vi paa bamboo rafting og siste dagen elefantridning, ellers gjekk det i bading i foss og gaaing. Forste natta overnatta vi ved ein foss for oss sjolve og andre natta var vi i ein landsby. Eg synes litt synd paa dei som bur der, med stoyande turistgrupper kvar kveld, men dei var smilande og hyggelege. Uvant med alle dyra som gjekk rundt fritt (hundar, kuer, villsvin, hone, haner, kyllingar, kattar!) Provar aa beskrive resten med bilete, ettersom tida gaar fort her paa internettkafeane!

"Soverommet" vaart, utstyrt med myggnetting og mange tepper (natta var kald!)

Philip (fraa Tyskland), meg og Dinko (fraa Kroatia, men bur i Sverige)


John (som forovrig lignar paa Vince Vaughan!) har aate ein chili :P

Morgonkaffi ved baalet. Kjartan, John, Dave, Vivian (alle tre aussiar), Stephanie (tysk) og Mark (engelsk)

ng lang rekke - trekking

Landsbyen vi sov i andre natta. Her har dei omtrent ikkje kontakt med omverda!


Eg og Stephanie stod opp en time for dei andre for aa sjaa soloppgangen (gjekk uansett ikkje aa sove med galande hanar). Her tar eg bilde av meg og ei landsbyjente ved baalet :)


Vi sit alle stabla paa lasteplanet, paa vei til lunsj for elefantridning.


Eg og Marie paa elefanten "vaar". Marie var mest skeptisk paa forhaand, men ho var den som satt framme paa sjolve elefanten (egentlig satt vi begge i eit sete midt paa, men guiden utfordra ho) Eg synes aa ri paa hest er skumlare, elefantane bevegar seg saa rolig. Men han aat ca halve skogen paa vegen og blei irritert (med lyd!) eit par gonger....

2 comments:

Marièl said...

haha!! ser for meg elefantturen, og gunnhild som får panikk av alle dyrene.. neidå, kødda. Red Hot chili peppers kjeme på roskilde.. Som ein kontrast til dine opplevingar, kan eg fortelje deg at her i bartebyen har vi 75 cm snø, og eg har baka sjøkoladekjeks, solsikkebrød og to slag bollar (kanel i svingane).
God tur vidare, eg følge ivrig med på blogen din(leve ut mine draumar gjennom deg...) KLÆM!

Marièl said...

Og forresten; årets Marièl-har-nøklar-til-rare-ring: Denne gongen: Marièl har sin eigen nøkkel til nidarosdomen...