Feb 24, 2007

Desse bileta hoyrer til posten under:
Eg les paa Railay beach

Railay beach - nydelig "scenery"!

Meg, Nathan, Dave, Jordan (ein fraa the Gecko) og Laura

Laura og Nathan speler fire paa rad (fantastisk barkonsept - vi fekk utdelt slike i lag med olen :p)

Alle i djup konsentrasjon....

Feb 23, 2007

I dag er vaar femte dag paa Napparat Thara Beach, Krabi. Dagen etter vi kom motte vi vaare australske vener (som vi vart kjende med paa trekking for nokre veker sidan) Dave og Jon. Medan vi har vore i Laos og Kambodsja har dei vore i Sor-Thailand. Vi har ogsaa blitt kjende med eit par, Nathan og Laura, som bur i leiligheita under Dave&Jon i Melbourne. Om desse 4 er typiske ”aussies” kan vi verkeleg glede oss til Australia!

Vi bur paa ein plass som heiter Laughing Gecko drive av ei canadisk-italiensk dame, Patricia (ho har budd her i 15 aar), og hennar thailandske mann. Dei har to ungar og den eldste, Nayana paa ni aar, er verkeleg spesiell! Ho verkar mykje eldre enn ni aar, sikkert fordi ho omgaas med saa mange backpackarar. Ho er morosam og kvikk, utadvendt, pratar engelsk flytande (pga mora) i tillegg til 6 andre spraak. Faren som har spelt i band har laert ho aa spele gitar, og ho tar t.o.m en ”Jimi Hendrix” med gitaren paa ryggen! Vi har jamma litt i lag og eg har laert ho riffet i ”Come as you are” med Nirvana – no hoyrer eg det titt og ofte fraa oppholdsrommet. Bungalowane er ikkje akkurat komfortable, men atmosfaeren her er topp og prisane laage. Kvar kveld lagar dei middagsbuffet og alle et i lag

Nayana og ein av hennar mange kattar i bungalowen vaar (vi faar ofte besok!)

Vi har hatt det kjekt med strandliv om dagen og uteliv om kvelden. Jon reiste heim torsdag morgon, han skulle sjaa yndlingsbandet sitt heime i Melbourne og deretter fly tilbake til Thailand! Vi har planar om aa besoke dei naar vi kjem til Australia, saa avskjeden var forhaapentligvis berre midlertidig. Rart aa tenke paa at dei fleste vi blir kjende med her ser vi aldri att! Dave reiser i dag og Nath&Laura skal vere her til mandag, og vi likar oss saa godt at vi blir nok verande ei stund.


Ool paa Hippies bar. Fraa venstre; Kjartan, Dave, Marie, Jon og meg.

Dave og Kjartan i longtailboat paa veg til Railay beach

Badelovene Marie og Dave paa Railay beach

Hadde mange fleire bilete, men som vanleg har eg problem med aa faa lasta dei opp her - kjipt. Faar prove att seinare.

Feb 16, 2007

Paradis :)

Vi var i Bangkok nokre dagar, shoppa, sendte heim ein kasse med div vi ikkje treng, feira bursdagen min og siste kvelden var vi paa muy thai boxing - saann ser det ut:

Det er heile 10 kampar (kvar med 5 rundar paa tre min) i ein billett og varer i ca 4 timar! Under oppvarmingskampane er det ikkje saa mange folk, men des naerare ein kjem hovudkampen, des fleire folk og hogre stemning.

Her har vi kveldens hovudkamp. Omtrent alt er lov, og dei boksar uten sko!

Onsdag tok vi bussen fraa Bangkok og sorover, og saa ein fancy baat (meir luksurios enn ekspressbaaten til Bergen, og her er vi vane med gamle trebaatar og braakete motor) til Koh Tao, skilpaddeoya. Her skal vi vaere til mandag. Kjartan og Marie tek dykkersertifikat og eg som ikkje er saa glad i aa opphalde meg under vatn, latar meg paa stranda. Nydelig lita oy med lite turisme i forhold til andre oyer i Thailand.

Vaart forste mote med havet. Etterlengta, eg har jo ikkje sett det siden Floro for ein maaned sidan!




Frukostutsikta er upaaklageleg!! Her inntar vi omelett, fruktsalat, fruktshakes osv. Saknet etter grovbrod er stort, men vi har funne ut at dei fleste bakeri (og det er nesten alltid eit i naerleiken) har litt grovare brod. Eg har funne meg ein kaffibar rett over gata med internet, lesestoff, avslappande jazz (svaert etterlengta etter all thai-popen!), kaffi og grove baguettar med variert paalegg - eg kjem nok til aa tilbringe litt av tida mi her dei neste dagane!

Feb 12, 2007

Biletoppdatering!

Etter mykje dataproblem trur eg no det skal gaa inn aa legge inn bilete, saa her kjem ei rask og blanda oppsummering fraa Kambodsja>
Angkor Wat, eit imponerande omraade. Dei beste bileta har eg diverre ikkje her.


Vi vart nesten mest imponerte over korleis trea veks saman med bygningane, som her

Flytande landsbyar paa Tonle Sap.


Ein familie i baat. Alle i familien er med paa aa fiske, levebrodet deira.


I Battambang leigde vi mopedar med sjaaforar ein heil dag. Fin maate aa sja seg om paa.


Marie og sjaaforen hennar. Solbriller og munnbind er obligatorisk verneutstyr (stovete vegar!)
Det beromte "bamboo train" som vi tok ned att. Litt overvurdert, men nok en ny transportmaate!
Dette saag vi paa grensaa til Thailand. Her i Asia er det snakk om effektiv pakking. Legg merke til mannen paa toppen (!)

20-aars dagen min tilbragte eg paa bussen fraa Kambodsja til Bangkok, inkludert eitpar svette timar i passkontroll. Vel framme var vi for trotte til nokon feiring, saa den tok vi dagen etter (i gaar). Motte to amerikanske jenter, Mish og Sarah, over eit olglas. Saman med dei var vi innom eit par klubbar og dansa leeenge. Vi haapar det ligg litt trening i det, for her er kaloriinntaket hogt og -forbruket laagt...
Marie, Mich, Sara og meg


Feb 9, 2007

Hogdepunkt!!

Stod opp 5.30 (i gaar stod vi opp 4.30 for aa sjaa solnedgangen ved Angkor Wat!) i dag tidlig for aa ta ekspressboat til Battambang. Den gaar forst litt paa Tonle Sap, Asias storste innsjo, og saa paa smaaelver. I Lonely Planet stod det at det kunne ta alt fraa 3 til 9 timar avhengig av sesong. No er det torkesesong og sjoen er 1/3 av vanleg storelse. Nokre plassar er det nesten ikkje vatn og det er saa vidt baaten kjem seg gjennom.

I byrjinga saag det ut som slow boat, (der vi ogsaa vart imponerte) men dette var mykje betre!! Vi fekk sjaa flytande landsbyar (kvart enkelt hus flyt og dei brukar smaa bananforma trebaatar til aa komme seg mellom husa), der det visstnok skal bu ca ti tusen uregistrerte fattige vietnamesarar! og langs elva fekk vi sjaa fiskarar i aksjon, ofte heile familiar. Ofte slik at mannen fiska og kvinna rodde, barna hjalp til. Mange, spesielt ungane, verka kjempeglade for aa sjaa oss, dei gliste og vinka. Vi fekk sitte paa taket, saa det var jo ogsaa eit bonus med baaten. Paa taket av baaten fekk eg verkeleg paradisfolelsen :)

Daa vi kom fram var det 1 t med bil til byen. Dvs: 19 personar og minst like mange sekkar var vi i EIN pick-up! Vi sat paa kanten, lasteplanet, inni bilen (nokon heldige), ein paa taket, ein stod.... Og den vegen er det verste eg har vore borti. Men sidan det ikkje varte saa lenge var det mest morosamt, tivoli inkludert i baatbilletten! Eg sat paa botnen av lasteplanet og midt mellom to saa eg kunne ikkje halde meg fast - fleire gonger hoppa heile kroppen opp fraa lastaplanet i sittande stilling. (Det er vanskeleg aa forklare). Han som stod (og kunne sjaa fram) var "dommedagsprofeten" og sa "ok, prepare for this one", "wow, that's it!" og andre oppmuntrande setningar. Vi forstod det var "fare paa ferde" naar sjaaforen senka farten heilt. Det var store groper i vegen!!

Desse to tinga, aa faa sjaa livet paa innsjoen og den strabasiose bilturen, gjer dagen i dag til hogdepunktet til no (for meg) kva det angaar opplevelsar. Greit nok aa sja Angkor Wat, vi har hort mykje om det og det er stort og flott (men altfor mange turistar!!), og andre slike severdigheter, men dette er mykje meir autentisk Kambodsja og noko vi ikkje har forventningar til (ein baattur - rein transport tenker vi kanskje forst). Det er daa vi faar a-ha-opplevingane. Det er heilt utruleg for annleis dei lever her (iallefall ser det slik ut) og det er veldig lett aa kunne "snike" paa liva til folk for husa er opne tvers igjennom, og har berre eit stort rom. I tillegg er dei fleste utanfor husa sine og gjer det meste der. Fordi om dei er fattige ser det ut som dei trivst, dei har det sosialt og dei veit vel ikkje saa mykje om eit anna liv (noko anna med dei i byen). Resten faar bileta fortelle:

(og endaa ein gong er dataen teit og vil ikkje ta imot bileta mine. Maa nok vente med bilete til Bankok...)

Feb 8, 2007

Phnom Penh - S21 og Killing Fields

(grunna daarleg data dei siste dagane kjem det tre blogpostar paa ein gong, i kvar sin porsjon, sjaa nedover sida)

I dag var vi (mest meg og Marie, Kjartan vart sjuk og maatte tilbake til hostellet) i S21-fengselet, no kalla Tuol Sleng museum, og paa Killing Fields. Dette var to av dei sentrale arenaene for Rode Khmers tortur fraa 1975 til 1979. Pol Pot og soldatane hans drap 2 millionar av sitt eige folk, av grunnar som at dei hadde utdannelse og snakka framande spraak. Det vert sett paa som eit av dei storste folkeutryddingane i historia.


Det er vanskeleg aa skildre korleis det var aa vaere der. Eg gjekk rundt i rom med jernsenger og instument brukt for tortur og blodflekkar paa golvet. Det er ikkje saa mange turistar der i gongen, saa ein kan vaere aaleine ei stund i eit rom og det var nesten litt skummelt. Dei har laga veldig mange bra fotoutstillingar, Rode Khmer har paa ein maate hjelpt til sjolv ved at dei dokumenterte mykje av det dei gjorde med fotografering og dei registrerte alle fangar med "mugshots" og biografiar. Verst var det aa sjaa ungane og barnesoldatane (bruken av barnesoldatar var utbredt).



I mange av romma var det store boards med mange smaa portrett og etter kvart lurte eg paa, ër dette folk som arbeidde her eller fangar?" Eg kom fort fram til at det ikkje spelar nokon rolle, dei fleste er jo offer uansett kva side dei er paa. Mange som var med i Rode Khmer var jo "vanlege folk", akkurat som oss, og mange av dei hadde ikkje noko val. Det er jo ein stor del av befolkninga, folk vi ser paa gata i dag, som var med paa aa gjere alle desse grusomhetene. Det som
er saa rart aa tenke paa er korleis Pol Pot og dei andre leiarane har faatt tusenvis av menneske til aa drepe sitt eige folk, angi familie og vener.


Samtidig kan det bli litt mykje paa ein gong og ein faar nesten daarleg samvit om ein tenker paa noko anna. Vi saag ogsaa ein dokumentarfilm, bl.a om ei trist kjaerleikshistorie om to som vart drepne av Rode Khmer. Naar ein ser saanne ting foler ein at alt anna, livet vaart, blir veldig overflatisk. Det er ogsaa spesielt aa tenke paa at det ikkje er saa lenge sidan! Vi har sett mange bilete av jodane under Holocaust, men dette blir endaa naerare vaar tid.


Ei heilomvending

(grunna daarleg data dei siste dagane kjem det tre blogpostar paa ein gong, i kvar sin porsjon)

mandag 5.feb

Det siste dognet har vi forandra en del paa reiseruta. Har vel eigentleg skjont ei stund at Laos og Kambodsja paa to veker var ein lite realistisk plan. Greit nok aa vere der i ei veke kvar, men alle reisedogna (og det blir ein del paa desse humpete vegane!) kjem jo i tillegg. For aa komme fraa Thailand til Laos brukte vi tre dagar og etter to dagar i Luang Prabang tok vi i gaar kveld nattbussen til hovudstaden Vientiane, der vi skulle vere litt og saa reise sorover med buss/baat (fins ikkje tognett her). Etter ei natt paa lokal nattbuss (air-con bussen var full, sa vi reiste paa den lokale typen, ikkje vindtett, ekle seter, stapp full av alt mulig og musikk (type laopop) heile natta – men det var ein opplevelse!) kom vi trotte og sure fram til Vientiane som ikkje ser ut som ein hovudstad og ikkje er noko postkortmotiv akkurat. Etter litt diskusjon over frukosten paa ein kafe kom vi fram til: ”La oss droppe Laos og ta fly (dyrt, men vi sparer mykje tid!) til Pnohm Penh i Kambodsja!” To timar seinare (etter prating med reisebyraa, tuk-tuk til flyplassen, mislykka uttak av pengar (dei har ingen minibankar og maskina til exchangekontoret var i ustand), kjop av litt dyrare bill med eit anna selskap som tok visa (!), heseblesande innsjekking og passkontroll) sat vi paa flyet til Kambodsja, og etter ein og ein halv time paa flyet steig vi ut i eitt nytt land og ei heilt anna klimasone (etter frysing i nord er vi no tilbake til Bangkoktemp, 28 grader og steikande sol) – effektivt! Vi foler at vi har juksa litt og berre hoppa over Laos, men av og til maa ein prioritere. No blir vi her eit par dagar for vi reiser til Siem Reap og sangomsuste Ankor Wat. For aa komme oss etter bussnatta uten sovn betalte vi for solseng og adgang til badebassenget paa eit luksushotell, der vi har tilbragt resten av ettermiddagen. Forste gong vi har sola oss paa reisa!!

Bilete fraa nattbussen Luang Prabang - Vientiane, type lokalvarianten:

Bussfilosofien i Asia: Vi stappar inn saa mykje vi kan, baade av folk og bagasje (t.o.m paa taket!) - men greit aa ha sekkestablar i midtgangen som sovepute..

Det var ikkje heilt dette vi hadde tenkt oss, men vi er ved godt mot - eller...?

Feb 3, 2007

No har vi hatt tre reisedogn paa rad, forst minibus fraa Chiang Mai til grensa, og saa slow boat to heile dagar (med overnatting mellom) i Laos, til vi naadde maalet, Luang Prabang. Slow boat var ein fantastisk maate aa reise paa, ein opplevelse i seg sjolv! Sjarmerande gamle trebaatar fylt til randen av folk i alle alderar. Mekongelva og landskapet rundt var flott og veldig asiatisk. Det vi (og resten) gjorde paa var for det meste aa lese - eg har lese ut Jonas av Jens Bjorneboe desse to dagane, og sjolvsagt blitt veldig engasjert/provosert :)

Slow boatar i havna. Ganske stilige :)




Kodakmoment! Eg er litt usikker paa om det er lov aa ta bilete av munkar, men han merka meg ikkje (eg er langt unna og zoomar) - munkar ser vi forresten overalt her i Soraustasia!

Nokre smaa gutar kom berande med nokre klessekkar - perfekte sitteplassar for vonde ryggar. Marie er innlevd i Engler og Demoner.



Eit utsnitt av slow boaten og passasjerane (Kjartan som hoyrer paa musikk framme


Luang Prabang er en sjarmerande liten by nord i Laos, arkitekturen vitnar om den franske kolonifortida. Kvite murhus med morkt tre paa dorer, vindu og moblar. Mykje kunstgalleri og marked med lokalt handverk. Trudde vi var lei av marked etter Beijing, Bankok og Chiang Mai, men dette var noko heilt anna! I dag har Kjartan bursdag, han vart vekt med bursdagssong, dikt og gaave (dopapir, sjokolade og minikonjakk - det vi hadde raad til, var problematisk aa faa tatt ut pengar i gaar) Vi har leigd syklar (7kr dagen!) og sett ulike tempel og en del kunst. I det storste tempelet paagjekk det en slags festival, ein munk sat og sang boner og mange lokale sat og hoyrte paa og ba. Kjartan gjekk inn og naar vi saag inn hadde ei gammal dame surra eit skjerf runt han, laert han aa be paa riktig maate og til riktig tid og ho gav han frukt. Han blei der inne ganske lenge, eg og M lurte paa om han hadde konvertert. I mellomtida spelte vi Gruble :) No skal vi ete middag og seinare feire bursdagen til Kjartan paa pub med nokre venner fraa Chiang Mai.


Buddha, Kjartan og meg.

Kjartan og Marie kjoper fotball av straa, fin aa trikse med (for dei som kan saant...)