I dag er vaar femte dag paa Napparat Thara Beach, Krabi. Dagen etter vi kom motte vi vaare australske vener (som vi vart kjende med paa trekking for nokre veker sidan) Dave og Jon. Medan vi har vore i Laos og Kambodsja har dei vore i Sor-Thailand. Vi har ogsaa blitt kjende med eit par, Nathan og Laura, som bur i leiligheita under Dave&Jon i Melbourne. Om desse 4 er typiske ”aussies” kan vi verkeleg glede oss til Australia!
Vi bur paa ein plass som heiter Laughing Gecko drive av ei canadisk-italiensk dame, Patricia (ho har budd her i 15 aar), og hennar thailandske mann. Dei har to ungar og den eldste, Nayana paa ni aar, er verkeleg spesiell! Ho verkar mykje eldre enn ni aar, sikkert fordi ho omgaas med saa mange backpackarar. Ho er morosam og kvikk, utadvendt, pratar engelsk flytande (pga mora) i tillegg til 6 andre spraak. Faren som har spelt i band har laert ho aa spele gitar, og ho tar t.o.m en ”Jimi Hendrix” med gitaren paa ryggen! Vi har jamma litt i lag og eg har laert ho riffet i ”Come as you are” med Nirvana – no hoyrer eg det titt og ofte fraa oppholdsrommet. Bungalowane er ikkje akkurat komfortable, men atmosfaeren her er topp og prisane laage. Kvar kveld lagar dei middagsbuffet og alle et i lag

Vi har hatt det kjekt med strandliv om dagen og uteliv om kvelden. Jon reiste heim torsdag morgon, han skulle sjaa yndlingsbandet sitt heime i Melbourne og deretter fly tilbake til Thailand! Vi har planar om aa besoke dei naar vi kjem til Australia, saa avskjeden var forhaapentligvis berre midlertidig. Rart aa tenke paa at dei fleste vi blir kjende med her ser vi aldri att! Dave reiser i dag og Nath&Laura skal vere her til mandag, og vi likar oss saa godt at vi blir nok verande ei stund.


Ool paa Hippies bar. Fraa venstre; Kjartan, Dave, Marie, Jon og meg.
Dave og Kjartan i longtailboat paa veg til Railay beach
Badelovene Marie og Dave paa Railay beach
Hadde mange fleire bilete, men som vanleg har eg problem med aa faa lasta dei opp her - kjipt. Faar prove att seinare.
No comments:
Post a Comment