Feb 8, 2007

Ei heilomvending

(grunna daarleg data dei siste dagane kjem det tre blogpostar paa ein gong, i kvar sin porsjon)

mandag 5.feb

Det siste dognet har vi forandra en del paa reiseruta. Har vel eigentleg skjont ei stund at Laos og Kambodsja paa to veker var ein lite realistisk plan. Greit nok aa vere der i ei veke kvar, men alle reisedogna (og det blir ein del paa desse humpete vegane!) kjem jo i tillegg. For aa komme fraa Thailand til Laos brukte vi tre dagar og etter to dagar i Luang Prabang tok vi i gaar kveld nattbussen til hovudstaden Vientiane, der vi skulle vere litt og saa reise sorover med buss/baat (fins ikkje tognett her). Etter ei natt paa lokal nattbuss (air-con bussen var full, sa vi reiste paa den lokale typen, ikkje vindtett, ekle seter, stapp full av alt mulig og musikk (type laopop) heile natta – men det var ein opplevelse!) kom vi trotte og sure fram til Vientiane som ikkje ser ut som ein hovudstad og ikkje er noko postkortmotiv akkurat. Etter litt diskusjon over frukosten paa ein kafe kom vi fram til: ”La oss droppe Laos og ta fly (dyrt, men vi sparer mykje tid!) til Pnohm Penh i Kambodsja!” To timar seinare (etter prating med reisebyraa, tuk-tuk til flyplassen, mislykka uttak av pengar (dei har ingen minibankar og maskina til exchangekontoret var i ustand), kjop av litt dyrare bill med eit anna selskap som tok visa (!), heseblesande innsjekking og passkontroll) sat vi paa flyet til Kambodsja, og etter ein og ein halv time paa flyet steig vi ut i eitt nytt land og ei heilt anna klimasone (etter frysing i nord er vi no tilbake til Bangkoktemp, 28 grader og steikande sol) – effektivt! Vi foler at vi har juksa litt og berre hoppa over Laos, men av og til maa ein prioritere. No blir vi her eit par dagar for vi reiser til Siem Reap og sangomsuste Ankor Wat. For aa komme oss etter bussnatta uten sovn betalte vi for solseng og adgang til badebassenget paa eit luksushotell, der vi har tilbragt resten av ettermiddagen. Forste gong vi har sola oss paa reisa!!

Bilete fraa nattbussen Luang Prabang - Vientiane, type lokalvarianten:

Bussfilosofien i Asia: Vi stappar inn saa mykje vi kan, baade av folk og bagasje (t.o.m paa taket!) - men greit aa ha sekkestablar i midtgangen som sovepute..

Det var ikkje heilt dette vi hadde tenkt oss, men vi er ved godt mot - eller...?

No comments: