Feb 9, 2007

Hogdepunkt!!

Stod opp 5.30 (i gaar stod vi opp 4.30 for aa sjaa solnedgangen ved Angkor Wat!) i dag tidlig for aa ta ekspressboat til Battambang. Den gaar forst litt paa Tonle Sap, Asias storste innsjo, og saa paa smaaelver. I Lonely Planet stod det at det kunne ta alt fraa 3 til 9 timar avhengig av sesong. No er det torkesesong og sjoen er 1/3 av vanleg storelse. Nokre plassar er det nesten ikkje vatn og det er saa vidt baaten kjem seg gjennom.

I byrjinga saag det ut som slow boat, (der vi ogsaa vart imponerte) men dette var mykje betre!! Vi fekk sjaa flytande landsbyar (kvart enkelt hus flyt og dei brukar smaa bananforma trebaatar til aa komme seg mellom husa), der det visstnok skal bu ca ti tusen uregistrerte fattige vietnamesarar! og langs elva fekk vi sjaa fiskarar i aksjon, ofte heile familiar. Ofte slik at mannen fiska og kvinna rodde, barna hjalp til. Mange, spesielt ungane, verka kjempeglade for aa sjaa oss, dei gliste og vinka. Vi fekk sitte paa taket, saa det var jo ogsaa eit bonus med baaten. Paa taket av baaten fekk eg verkeleg paradisfolelsen :)

Daa vi kom fram var det 1 t med bil til byen. Dvs: 19 personar og minst like mange sekkar var vi i EIN pick-up! Vi sat paa kanten, lasteplanet, inni bilen (nokon heldige), ein paa taket, ein stod.... Og den vegen er det verste eg har vore borti. Men sidan det ikkje varte saa lenge var det mest morosamt, tivoli inkludert i baatbilletten! Eg sat paa botnen av lasteplanet og midt mellom to saa eg kunne ikkje halde meg fast - fleire gonger hoppa heile kroppen opp fraa lastaplanet i sittande stilling. (Det er vanskeleg aa forklare). Han som stod (og kunne sjaa fram) var "dommedagsprofeten" og sa "ok, prepare for this one", "wow, that's it!" og andre oppmuntrande setningar. Vi forstod det var "fare paa ferde" naar sjaaforen senka farten heilt. Det var store groper i vegen!!

Desse to tinga, aa faa sjaa livet paa innsjoen og den strabasiose bilturen, gjer dagen i dag til hogdepunktet til no (for meg) kva det angaar opplevelsar. Greit nok aa sja Angkor Wat, vi har hort mykje om det og det er stort og flott (men altfor mange turistar!!), og andre slike severdigheter, men dette er mykje meir autentisk Kambodsja og noko vi ikkje har forventningar til (ein baattur - rein transport tenker vi kanskje forst). Det er daa vi faar a-ha-opplevingane. Det er heilt utruleg for annleis dei lever her (iallefall ser det slik ut) og det er veldig lett aa kunne "snike" paa liva til folk for husa er opne tvers igjennom, og har berre eit stort rom. I tillegg er dei fleste utanfor husa sine og gjer det meste der. Fordi om dei er fattige ser det ut som dei trivst, dei har det sosialt og dei veit vel ikkje saa mykje om eit anna liv (noko anna med dei i byen). Resten faar bileta fortelle:

(og endaa ein gong er dataen teit og vil ikkje ta imot bileta mine. Maa nok vente med bilete til Bankok...)

4 comments:

Unknown said...

Kjære Gunnhild!

Du er flink til å skrive spennande og engasjert om det du opplever!
Eg, Tomas og Ingebjørg sit i sofaen og ser på Grand Prix! Og vi helsar til deg! Slik er livet heime i Noreg! Hehe!
Gratulere så mykje med dagen på søndag!

Marièl said...

GRATULERE MED DAGEN!!!! DU er no offisielt gamal nok til å kjøpe sprit her heime i Noreg.. Synd at du ikkje er her, og må nøye deg med å kjøpe billeg ulovleg sprit i utlandet. Eg såg kommentaren du sendte meg, og har store planar om å sende deg ein mail ved høve! SPRECHEN (på norsk: snakkast) KLÆM

Unknown said...

gratulere med overstått, søta!:)
Reknar kje med at sms'en eg sendte kom fram ;p smask!

Mari said...

Gratulere med overstått! ;)
det høres kjempekjekt ut, det e så kjekt å lese :D

koseklem mari