Mar 29, 2007

endelig; KENGURU!!

I gaar tok vi turen til Lone Pine Koala Sanctuary, eit slags zoo med lokale dyr (det hoyres nesten ut som noko a la hjorteparken paa Svanoy, men lokale dyr faar ei heilt anna betydning her - Australia har dei ti giftigaste slangane i verda!!)



Koalaen sov eller kviler 19 timar i dognet!

Vi fekk sett alle dei obligatoriske australske dyra. Kenguru, koala, emu, wombat og eit hus med ekle og giftige slangar. K skulle vere toff og ta bilete med ein slange rundt halsen, men alt han fekk var ein liten pyton som ikkje var giftig :p Ellers fekk Marie sitt etterlengta klem-ein-koala-bilete. Eg var mest fascinert av kenguruane.


Vi blei overaska (og litt skeptiske i starten) daa vi saag at kenguruane ikkje var inngjerda, vi kunne gaa fritt blant dei og mate dei og ta paa dei. Daa var det artig aa sjaa australske ungar paa 2-3 aar som var like uredde og komfortable rundt kenguruane som om dei sjolv skulle vore ein. Kanskje ungane blir slik i Australia? Dei var saann "Dad, can you lift me up, I want to touch the emuuu!"


Legg merke til guten som matar kenguruane i bakgrunnen





Ein trott liten joey (kenguruunge) som laag litt unna resten av gjengen

Vi fekk ogsaa med oss nokre informative foredrag, eit om koalaen og eit om pytonslangen. Samvitet vart litt letta daa vi skjonte at dette er meir etisk ein eit vanleg zoo, dei arbeider for koalaenes beste. Dei har 130 koalaer paa reservatet, og dei har ulike namn paa og klarar aa skille alle fraa kvarandre! Ho med slangen fortalte oss korleis vi kunne unngaa slangebitt i "bushen" - vi er takknemmelege for at vi berre har hoggorm aa hanskast med!!



Paa alle slike attraksjonar ser vi skuleklassar paa ekskursjon - festlig med uniformane :)
Denne er ikkje noko eksotisk zoo-innslag, men ein heilt vanleg fugl eg knipsa i eit blomsterbed paa torget mitt i byen. Dette er som byduene heime, Australia har jo alltid ein meir eksotisk varient enn det vi er vande med (maa innromme eg stivnar litt naar desse hoppar opp paa benken og gaar mot meg - sjekk nebbet!)

Mar 25, 2007

Vem kan segla forutan vind?

Nettopp tilbake etter to dagar og to netter paa ein seglebaat, type Condor. 26 stykker var vi, i tillegg til eit crew paa tre. Vi har bada, sola oss, snorkla, segla, prata, lest, slappa av, hort paa musikk, ete god mat....ja. Sove LITE (frukosten i gang i 6-tida!!) Eg har funne ut at eg vil ha baat naar eg blir "stor" og at jordomsegling hadde vore noko! Har vore lite baatliv paa meg dei siste aara, men no merkar eg at eg saknar det. Saa far el. Oyvind; Naar eg kjem heim vil eg ut i baaten! :) Her er nokre bilete, etter iherdig styring fraa meg og Marie si side. Saag plutseleg at nokon av bileta er sidelengs, men det faar berre vere slik.

Luke i aksjon.

Av og til maatte vi ta i eit tak (her; tecking)...

...men vi slappa mest av

Nydelege Whitehaven beach - og vi fekk ha stranda for oss sjolve!

The mighty Condor

Kjartan paa veg til aa ta ein baklengs salto

Eg og Marie, straalande opplagde 6.oo A.M ;)

Eg i ei saers flatterande "stinger suit" Desse maatte vi ha paa baade under bading og snorkling pga dei farlige manetane som finnast her i Queensland.
Heilt ok stad aa vere ein sondagsmorgon :D

Naturleg oyeblikk (faktisk) etter mykje posering

Paa veg fraa stranda til baaten

Mar 22, 2007

stort og vakkert

Har no vore eit par dagar i Coffs Harbour og fire netter paa backpackarstaden Byron Bay. Eg har aldri vore heilt gira paa Australia, grunnen til at vi er her er at dei andre to (spes Marie) hadde lyst. Men eg maa seie eg blir meir overbevist for kvar dag. For det forste er det folka, dei er saa hygglige, utadvendte og bilde. Naar ein gaar ut av ein klesbutikk seier ekspeditoren "See you, darling!" som den mest naturlege ting i verda. For det andre er det naturen. Fordi om den her paa kysten kan sjaa ut som England eller Danmark (strender og flatt), er det likevel noko med lyset og fargane, det ser ut som tatt utifraa ein film eller eit maaleri. I tillegg dukkar det alle stader opp rare dyr, spesielt fuglar med laaange nebb og rare fargar.

For det tredje er det sjolve fenomenet Australia. Eg les no Bill Bryson si reiseberetning "Down under" og Australia ER fascinerande. F.eks det faktum at ingen av oss eigentleg veit noko om landet, utanom stikkorda kenguru og surfing. (OK, Isabel og co; Home and Away...) Eit saa stort og spanande land, og vi laerer ingenting om det paa skulen og les lite om det i Australia. Til gjengjeld hadde vaare australske vener aldri hoyrt om Mao Zedung! To tips: 1. Les "Down under" 2. Reis til Australia. Sjolv maa eg tilbake. Tre veker er altfor lite og vi har ikkje ein gong vore i den beromte og farlige outbacken.

Ein ting som Bill Bryson skriv om, er aussiane sin greie for gigantiske utgaaver av tilfeldige ting. Og det har vi faatt oppleve. I Couffs Harbour dyrkar dei bananer saa den storste severdigheten der var "The big banana". Eg og Marie tok oss like godt ein sykkeltur dit. Paa ein matpausestopp paa ein busstur kom vi over ei stor reke med lyskastarar i augene (!). I gaar saag vi ogsaa ein gigantisk ananas ut bussvinduet, diverre fekk vi ikkje fotografert denne....

No er vi i Airlie Beach. Her skal vi segle til dei beromte og visstnok ein av dei vakraste stadene i landet, Whitsundays islands. Der skal vi snorkle ved verdas storste levande organisme, Great barrier reef. To dagar og to netter paa ein baat med 26 andre. Vi gler oss!

Aa, bildene vil ikkje, saa dei kjem seinare...

Mar 15, 2007

Og for ikkje aa gloyme...

....var eg og Marie paa ei oppsetning av Shakespeare's Macbeth i sjolvaste operahuset. Hadde i utgangspunktet lyst paa opera, men det vart for dyrt (Kjartan gjekk likevel). Men Macbeth var eit godt alternativ. Stilige effektar, gode skodespelarar og litt humor inni all elendigheita (det er jo ei svart tragedie). Spraaket gjekk lettare enn forventa, dei hadde fornya det litt (sjolv om dei brukte dei kjende thee- og thou-formene) og snakka v-e-l-d-i-g hogt og tydeleg.
(ikkje oversjaa den nye, laaange blogposten under her, eg posta desse samtidig)

Mar 14, 2007

Sydney


Vi, her representert av Marie, provar aa orientere oss paa kartet.

I kveld forlet vi byen, etter ein del sure miner. Kilroy har for forste gong paa turen svikta oss. Vi hadde paa forehand bestilt ein pakke med 2000km busspass og 10 gratisnetter paa YHA hostel. Vi tok i god tru inn paa YHA hostellet, eit 5stjerners faktisk, og tenkte at vi skulle faa papira vaare og leve glade dagar i sus og dus (les; gratis). I staden maatte vi vente mange dagar, betale 35 dollar natta og traale att og fram mellom YHA, Kilroy og Greyhound, med det resultat at ingen ville vedkjenne seg oss. Vi hadde jo ikkje skikkelige referansenummer ein gong (!?) Til slutt ordna det seg. Det var nesten litt julaftastemning daa vi i dag fekk dei etterlengta pakkane. Saa no ventar vi paa nattbuss til Coffs Harbour, som vi ikkje veit noko om,

men det blir nok bra :) Her kjem ein biletserie fraa Sydney, byen utan historie. (t.o.m katedralane er jo nye, blir ikkje heilt det same som gamle europeiske byar...)

Ei koyeseng av i alt tre paa vaar female dorm (;sovesal). Enkel standard.

slik ser koyesenga ut etter eg og Marie har boltra oss eit par dagar.


Eigne hyller paa kjokenet - akkurat som paa hybelen!

Her maa vi spare pengar og bytte ut restaurant med eigenkomponert mat. Her er mitt bidrag. Min Sandane spesial - pasta med pesto og (her) champignon, tomat og brie paa toppen. Enkelt og godt.

Kjartan koyrer litt meir komplisert med kylling og tandorisaus, MEN den fargerike salaten er ein posemix!


og her er Marie sitt maaltid. Det er ikkje alltid saa greit aa vere kresen....

Eg paa det finaste shoppingsenteret eg har sett; Queen Victoria Building. Men prisane seier "ikkje kjope, berre sjaa"

I Hyde Park (ja, og dei har ogsaa Oxford street!) snubla vi over irane si feiring av St. Patricks day. Det gaar rykter om at denne dagen snart vert feira meir av utflytta irar enn dei i sjolve Irland...
Daa Burger King-kjeden kom til Australia var det allereie ein mann som hadde si eiga sjappe med same namnet, difor maatte dei bytte det ut. Artig :)

Eit fantastisk skilt vi fann i Royal botanic garden. Les det!

Skulle hatt med kamera i gaar, daa hadde eg faatt eit blinkskudd. Dette er the next best thing, men poenget er: Den australske laid-back haldninga! Her ser vi ein forretningsmann i dress som tar seg ein park-powernap i lunsjen - rett paa graset med dress og det heile. Og dette ser vi mykje av. Vi har jo ikkje erfaring med aa bu i storbyar, men de som gjer det; Er det vanleg eller er det eit australsk fenomen?

Eg og Marie trur vi er kule...

Mar 11, 2007

G'day mate!

Vi er no paa eit nytt kontinent - Australia. Eit bevis paa at vi er her, meg framfor operabygget:

(eg veit at biletet er daarleg, men etter at K har faatt speilrefleks har eg og M blitt litt slakke paa fotofronten, og sidan eg berre har M sitt kamera her var dette einaste alternativ...)

Mar 8, 2007

Haaret mitt!


Eg har lenge tenkt paa aa klippe haaret sidan det er laaaangt og tjukt og lite praktisk i varme strok. Etter 2 mnd med backpacking og sol er det ogsaa blitt ganske slitt. Saa eg gjekk til frisoren. Og fekk haarklipp til 70 NOK, vel fornogd med det. Ba han om aa klippe det litt og aa tynne det ut nede. Det resulterte i ekstrem uttynning. Han har regelrett fjerna 3/4 av min haarmanke! Eg har no en tynn liten pistrete hestehale. Veldig uvant, men det er jo praktisk og veks nok ut att fort.

Det saag endaa tynnare ut, for han hadde strekt det. Ein ser det kanskje betre naar haaret er utslaatt eller vaatt....

Goodbye Asia!


Her har vi Petronas towers/Suria KLCC, kor vi har tilbragt mykje av KL- tida vaar

Vaar siste dag i Asia. Her har vi vore 7 veker, men det foles lengre ut. Eg skal definitivt tilbake, 7 veker er langt ifraa nok! Kuala Lumpur har vist seg aa vere ein fin by, sjolv om ikkje severdighetene staar i ko. Merdeka Square, Lake gardens og Petronas Towers er vel stort sett det vi har faatt med oss. Ellers har vi "hengt" paa Suria KLCC, eit gigantisk kjopesenter i same bygning som tvillingtaarna. Det som er spesielt med byen er det multikulturelle. Her er 1/3 malayiske muslimar, 1/3 indiske og 1/3 kinesarar. Dei har little India og Chinatown. Paa kinoen var det teksta paa baade malay og kinesisk, halalrestaurantar er regelen heller enn unntaket og vi har sett slor i alle variantar paa muslimske kvinner.

Kjartan har investert i eit Canon speilreflekskamera.

Det resulterer i ganske mange bilete av oss sjolve
i alle situasjonar. Plutselig blir Kjartan som et digestivekjeks eit framifraa fotomotiv...!?

Frukosten vaar paa Green Hut lodge. Bra med mjolk iallefall!

Vaar store sightseeing-dag. Her er meg og Marie paa Merdeka Square.

Hard Rock Cafe om kvelden. Happy hour med CARLSBERG. Vi jentene er dei maateholdne og delte vaar 2 for 1.

Kjartan slo paa stortromma. Fornogd med at dei hadde hans favorittol.

Marie veit endaa ikkje heilt om ho har eit favorittol....?

Twin towers by night


Utsikt fraa Petronas twin towers

Marie og utsikta

Eg som sperrar for utsikta...

Kjartan likar Kuala Lumpur, og aa fotografere KL. "Byen er saa symmetrisk!"

Mar 4, 2007

KL og paddesmugling

(Gaars)dagens: Eg har uvitande smugla ei medium stor padde (!) fraa Thailand til Malaysia. 18 timar har den stakkars (?) padda laage samanpressa i min smekkfulle sekk. Eg oppdaga plutseleg at posane mine (som ein erfaren backpacker er sjolvsagt alle klede pakka i posar) rasla saann. Den har tydelegvis vore med oss sidan Gecko-bungalowen (der saag eg iallefall ei padde rett ved sekken min, og staden vi bur paa no ser ikkje ut som ein typisk paddeplass) Kjartan, maatte som mannen i gruppa fange den i ein pose og slapp den forvirra padda laus i Kuala Lumpurs gater.
Det er nemlig her vi er no - Kuala Lumpur, byen med det eksotiske namnet. Byen som framleis har "twin towers" (dei var dei hogste skyskraparane i verda inntil 2004). Her skal vi sleppe vaare vestlege demonar laus (etter mykje autentisk asiatisk) og shoppe (vindaugs- for min del), gaa paa kino (type:Hollywoodfilm), trene (det maa jo til), ete paa Hard rock cafe og tilbringe vaar siste natt i Asia paa "luksushotell" (skal prove aa finne eit hotell til ca 300kr natta MED basseng). Vi har etter to timars vandring paa mafaa komt til byens storste kjopesenter. Etter uttrykket i fjeset til Marie daa ho saag alle butikkane og etasjane trur eg vi kjem til aa bruke eit par dagar her :p

Hmm, kor skal eg starte....?

Eit lite utsnitt