
I kveld forlet vi byen, etter ein del sure miner. Kilroy har for forste gong paa turen svikta oss. Vi hadde paa forehand bestilt ein pakke med 2000km busspass og 10 gratisnetter paa YHA hostel. Vi tok i god tru inn paa YHA hostellet, eit 5stjerners faktisk, og tenkte at vi skulle faa papira vaare og leve glade dagar i sus og dus (les; gratis). I staden maatte vi vente mange dagar, betale 35 dollar natta og traale att og fram mellom YHA, Kilroy og Greyhound, med det resultat at ingen ville vedkjenne seg oss. Vi hadde jo ikkje skikkelige referansenummer ein gong (!?) Til slutt ordna det seg. Det var nesten litt julaftastemning daa vi i dag fekk dei etterlengta pakkane. Saa no ventar vi paa nattbuss til Coffs Harbour, som vi ikkje veit noko om,
men det blir nok bra :) Her kjem ein biletserie fraa Sydney, byen utan historie. (t.o.m katedralane er jo nye, blir ikkje heilt det same som gamle europeiske byar...)
Ei koyeseng av i alt tre paa vaar female dorm (;sovesal). Enkel standard.
slik ser koyesenga ut etter eg og Marie har boltra oss eit par dagar.

Eigne hyller paa kjokenet - akkurat som paa hybelen!
Her maa vi spare pengar og bytte ut restaurant med eigenkomponert mat. Her er mitt bidrag. Min Sandane spesial - pasta med pesto og (her) champignon, tomat og brie paa toppen. Enkelt og godt.
Kjartan koyrer litt meir komplisert med kylling og tandorisaus, MEN den fargerike salaten er ein posemix!
og her er Marie sitt maaltid. Det er ikkje alltid saa greit aa vere kresen....



Eit fantastisk skilt vi fann i Royal botanic garden. Les det!
Skulle hatt med kamera i gaar, daa hadde eg faatt eit blinkskudd. Dette er the next best thing, men poenget er: Den australske laid-back haldninga! Her ser vi ein forretningsmann i dress som tar seg ein park-powernap i lunsjen - rett paa graset med dress og det heile. Og dette ser vi mykje av. Vi har jo ikkje erfaring med aa bu i storbyar, men de som gjer det; Er det vanleg eller er det eit australsk fenomen?
Eg og Marie trur vi er kule...
2 comments:
No veit ikkje eg kor vidt Trondheim eigentleg kan reknast som ein storby, men det er ikkje mykje menn i dress her i det heile teke... og langt mindre dei som ligg på graset. Her går det meir i tjukkelabbar i slippersen/ tennissokk i mokasinen og sjølvsagt tilbehøret til denne tradisjonelle festdrakta; skinnvesten og karsken. Dessutan er her framleis snø, så det freistar ikkje å legge seg ned.
Men det såg rett så triveleg ut i australia. Kanskje litt meir vestlege tilhøve?
People should read this.
Post a Comment