Feb 8, 2007

Phnom Penh - S21 og Killing Fields

(grunna daarleg data dei siste dagane kjem det tre blogpostar paa ein gong, i kvar sin porsjon, sjaa nedover sida)

I dag var vi (mest meg og Marie, Kjartan vart sjuk og maatte tilbake til hostellet) i S21-fengselet, no kalla Tuol Sleng museum, og paa Killing Fields. Dette var to av dei sentrale arenaene for Rode Khmers tortur fraa 1975 til 1979. Pol Pot og soldatane hans drap 2 millionar av sitt eige folk, av grunnar som at dei hadde utdannelse og snakka framande spraak. Det vert sett paa som eit av dei storste folkeutryddingane i historia.


Det er vanskeleg aa skildre korleis det var aa vaere der. Eg gjekk rundt i rom med jernsenger og instument brukt for tortur og blodflekkar paa golvet. Det er ikkje saa mange turistar der i gongen, saa ein kan vaere aaleine ei stund i eit rom og det var nesten litt skummelt. Dei har laga veldig mange bra fotoutstillingar, Rode Khmer har paa ein maate hjelpt til sjolv ved at dei dokumenterte mykje av det dei gjorde med fotografering og dei registrerte alle fangar med "mugshots" og biografiar. Verst var det aa sjaa ungane og barnesoldatane (bruken av barnesoldatar var utbredt).



I mange av romma var det store boards med mange smaa portrett og etter kvart lurte eg paa, ër dette folk som arbeidde her eller fangar?" Eg kom fort fram til at det ikkje spelar nokon rolle, dei fleste er jo offer uansett kva side dei er paa. Mange som var med i Rode Khmer var jo "vanlege folk", akkurat som oss, og mange av dei hadde ikkje noko val. Det er jo ein stor del av befolkninga, folk vi ser paa gata i dag, som var med paa aa gjere alle desse grusomhetene. Det som
er saa rart aa tenke paa er korleis Pol Pot og dei andre leiarane har faatt tusenvis av menneske til aa drepe sitt eige folk, angi familie og vener.


Samtidig kan det bli litt mykje paa ein gong og ein faar nesten daarleg samvit om ein tenker paa noko anna. Vi saag ogsaa ein dokumentarfilm, bl.a om ei trist kjaerleikshistorie om to som vart drepne av Rode Khmer. Naar ein ser saanne ting foler ein at alt anna, livet vaart, blir veldig overflatisk. Det er ogsaa spesielt aa tenke paa at det ikkje er saa lenge sidan! Vi har sett mange bilete av jodane under Holocaust, men dette blir endaa naerare vaar tid.


No comments: