Jan 24, 2007

Late dagar i Bankok

Marie og Kjartan oppdaterer seg paa nyheter medan vi ventar paa passbilete vi har tatt.

Maa skrive endaa ein blogpost her, sidan det kanskje blir ei stund til neste. Som sagt er vi litt storbyleie, saa vi har ikkje gjort saa mykje her i Bankok utanom aa virre rundt og kjope litt klede (kule t-skjorter til 30kr, fake billabongshorts til 45kr, veske til 40kr - vanskeleg aa la vaere!)

I gaar var vi faktisk paa MBK center (eit gigantisk kjopesenter!) fraa kl.13 til kl.01. Etter litt handling, Starbucks og middag provde vi ut kinoen i toppetasjen. Deilige seter, knallbra lyd og en veldig god film (heldigvis engelsk tale) - Blood Duamond, ein film om konflikten i Sierra Leone, med bl.a Leonardo diCaprio og Jennifer Connelly. Neste gang eg skal ut paa tur blir det Afrika! Paa kinoen opplevde vi forresten noko spesielt: Midt mellom alle reklamane kom bilete av kong Bhumibol akkopagnert av nasjonalsangen og alle royste seg (heldigvis hadde eg lest i Lonely Planet at dette kunne skje, t.d paa togstasjonar, saa vi royste oss fort vi og) og sto som i giv akt heile sangen. Vi visste at dei er veldig opptatte av kongen (som har sete i 60 aar!), men paa ein kino!?
Naar vi kom heim til hostellet tok vi et par ol og snakka litt med nokre andre backpackarar paa hostellet. Dei fleste er er australske, hostelleigaren er australsk. Vi fekk mailadr til James, han kjem fraa Newcastle "down under" og kan vise oss rundt naar vi kjem dit :) Han var paa veg heimj, hadde vore nokre veker i Indokina og opplevd mykje rart. Han kom nesten i fengsel fordi politiet meinte han hadde dop i tinga sine (sjolv om dei ikkje fann det, og han hadde jo ikkje noko heller), og maatte betale seg fri med fleire tusen dollar. Naar han var i Laos vaakna han om natta av at nokon rota gjennom tinga hans. I Kambodsja kom han 5min etter ei gammal dame hadde dodd. Ho hadde ingen andre, saa han "did the praying and paid for her funeral and stuf"!! Haapar det hjelp litt at vi er tre som kan passe paa kvarandre!


Endaa ein slakk dag i Bankok (men kanskje vi skal paa thai boxing) og saa tar vi i morgon toget til Chiang Mai (i Nord-Thailand) der vi skal paa ein tre dagars "trekking"

Paa vei til aa fikse visum med tuk-tuk (pris:2kr)

4 comments:

Mari said...

Så gøy!! Eg e misunnelig! ;)

bassdama said...

Hallo Gunnhild!
Kjempekjekt å følge deg på reisa ;)
Sjekk gjerne innom mitt nyoppstarta bloggprosjekt! Så får du litt oppdatering heimattefrå òg!

Silje Marie said...

Hei!
So kjekt å sjå ka du drive med!
Eg e innom nesten kvar dag for å sjå ka Gunnhild gjer på ute i den store verda!
Gla i deg!

Klem frå kalde og regnete Bergen

bassdama said...

Hehe, ja du får laste ned når du kjeme heim! Eller kjøpe mange piratkopicd'a med dei ;) Elles alt bra? Ja, bloggbølga sprer seg. Synst det er litt meir personeleg enn blink og so kan du gjere så mykje meir!