
Vi hadde ikkje planlagt vaare fem dagar paa Fiji i det heile, sidan det berre var ei mellomlanding paa veg til Amerika og hovudplanen var aa sole seg og lade opp til ein hektisk maanad. Men Fiji viste seg aa vere eit stillehavsparadis med musikk, sol, strand og blide folk med blomar i haaret. Allereie paa flyplassen vart vi mott med Fiji-sang, fraa eit velkomstband med fire flinke herrer - i skjort! (sidan vi er heilt utan Lonely Planet-bok visste vi heller ingenting om Fijiansk kultur) Vi visste heller ikkje at det framleis er regntid paa Fiji. Men etter to maanader med sol er det berre forfriskande, og bygene kjem ikkje for paa ettermiddagen. Den eksotiske naturen og fargane kjem berre endaa betre fram med nokre morke uversskyer over seg!
Bulaband onsker oss velkomne paa flyplassen

Mange fine motiv. Her provar vi aa fange kontrasten vestlege store reklameboards skaper

Vi kjoper is paa ein skikkelig landhandel, med alle varene plassert bak disken
For det meste tilbragte vi tida vaar paa Nomads skylodge, eit overprisa HOTELL (over vaar vanlege standard). Der laag vi ved bassenget og las og lata oss. Ei natt tok vi paa Beachcomber island, ein fin tur der vi fekk sjaa litt meir av Fiji. Vi motte ein heil gjeng med nordmenn, alle hadde mottes tilfeldig der. Vi har reist i ca dei same rutene, men klart aa "unngaa" kvarandre heilt til Fiji - artig! Oya var pitteliten og hadde berre ein resort der alle budde, baade backpackarar og familiar. God plass til alle paa stranda, var faktisk ganske rolig (om dagen, vel og merke!). Og alle maaltider var buffet og inkludert. Fantastisk frukost med frukt, pannekaker, frukostblanding, toast, egg paa kva maate vi ville (f.eks eigenkomponert omelett) ++ Bra greier :) 
Herleg med basseng naar stranda er langt unna!
Marie har vore ein ivrig lesar denne veka. Ho fekk den knallbra svenske krimmen Menn som hater kvinner (av Stieg larsson - annbefalast!!) av ei svensk jente vi delte rom med i Brisbane. Legg merke til det eksotiske Fiji-vatnet, eg maatte ta med meg flaska vidare!
Kjartan la seg flat paa baatens ovre dekk
Vi likar baatliv!
Hittil den storste dormen vi har sove paa. 100 senger!
Paradis!

Ein av dei ansatte paa Beachcomber - korrekt antrukke i skjort!

Ein artig leik
Endaa ein artig leik :p
Utsnitt fraa meg og Marie sitt forsok som bulajenter:



I dag/gaar tok vi fly fraa Fiji til L.A, turens lengste samanhengande flytur (9t 45min) . Flyet letta fraa Fiji torsdag 5.april kl.22 og landa i L.A torsdag 5.april kl.13.00 - slaa den! Vi har kryssa datolinja i Stillehavet, saa dette er det lengste dognet i vaart liv, ca 45 timar langt om eg ikkje tek heilt feil. Ei veke med 8 dagar - det skulle vel dokke studentane hatt! :p Flyet var ogsaa imponerande, det storste eg har tatt. To etasjar og over 700 seter. I tillegg vart eg og Marie svaert henrykte daa vi fekk utdelt ein liten pose med minitannborste og tannkrem, sokkar og sovemaske!
Marie er fornogd med sovemaske :)Sikkerhetskontrollen i USA gjekk greit og smertefritt forutan ein fyr i passkontrollen som spurte meg ca 100 spm med mistenkelig tonefall>
-Korleis uttaler ein etternavnet ditt, kva slags bokstav er det?
-Har du vore i USA for?
-Har du mat med deg?
-Kva skal du her?
-Kva gjorde du i Norge for du reiste?
-Studerte kva?
-Kva har du med deg fraa Australia og Fiji?
-Kjopte du ingenting der?
-Kle, ok. Kva med mat eller gaaver?
-Kva skal du i L.A?
-Veit du korleis du skal komme deg dit?
(dette er berre eit Utdrag!)
Marie og Kjartan maatte vente ei stund for eg vart ferdig med mr. Streng Passmann :D
NO er vi i USA folkens!
4 comments:
åå, dåkke skulle reist i dag. hehe. LAAAANGFREDAAG! ;)
Eg må berre få tilføye at eg fekk eit hjerte teikna inn i passet mitt av den amerikanske vakta då eg kom på amerikansk jord! Det har sikkert noke med misstenkeleg utseene å gjere! Hehe!
Nazi-vakt. Håpa for han si skuld at han såg nokon lunde ut, elles so tykkje eg synd på han. Men kva bokstav ER det eigentleg? I morgon er det fredag 13. Kva dato er det hjå dykk?
den bokstaven etternavnet mitt begynner med som eg ikkje kan skrive her
Post a Comment