Apr 17, 2007

Antigua del 2 av 3

Fleire postar paa ein gong, saa pass paa aa lese dei under (no naar eg har streva saa lenge!) Lurt aa lese del 1 forst ;)

I tillegg til aa vaere i Antigua tok vi to dagsutflukter. Lordag gjekk vi paa ein av landets tre aktive vulkanar, Vulcan Pacaya. Vi hadde ingen forventingar, men det vart ei desto storre oppleving! I tillegg til at vi hadde godt av ein fjeltur etter gammalt var det eit utruleg landskap vi aldri har set maken til. Var fantastisk aa sjaa kontrastane mellom den svarte lavaen, det grone landskapet og den blaa himmelen, for ikkje aa snakke om solnedgangen! I tillegg fekk vi gaa ganske langt opp paa vulkanen og vi kom skikkelig naer den glodande laavaen! Det var som aa vaere i ein steikeovn og nokon av skoa begynte aa smelte!


Kjartan og Sam i forgrunnen, Kate og Marie i bakgrunnen. Eit superkoseleg australsk par vi motte paa spanskskulen


Guiden Agusto

No comments: