Fleire postar paa ein gong, saa pass paa aa lese dei under (no naar eg har streva saa lenge!) Lurt aa lese del 1 forst ;)
Sondag er markedsdag saa vi tok bussen til eit av dei storste markeda i Guetemala, mayabyen Chichicastenango. Det var mildt sagt livlig, her var det aa trenge seg fram om ein ville komme seg nokon veg. Eg blir aldri lei av aa sjaa paa dei fargerike kostymene til mayakvinnene og dei sote ungane! Vi handla litt, no har alle tre skaffa seg ekte backpackerbukse (dvs fargerik vid bukse med knyting) :) Bussturen heim var noko av det vaerste eg har vore med paa. Vi tok dei typisk guetemalske chickenbuses. Stappfull, det kan nesten ikkje beskrivast! Og vi trudde vi hadde vore borti det meste av crazy transport i Asia, men ditta - wow! Maatte staa den forste av dei tre timane, og sittinga var ikkje mykje betre, ettersom eg var kvaalm OG maatte paa do og at vegen var verre enn Hyen og Gaualarfjellet til saman! Men vi kom oss gjennom det :)
6 comments:
"jammen korleis skal eg flytte alt det der heilt bort dit?"
- "Bruk hode"
jaja.. og vips brukte dei bokstavlig talt det.
Har hørt om at bussane i søramerika kan tidvis vere litt for over-over-over-befolka, og difor også ein yngleplass for tjuveri. Hørt om fleire som har mista "identiteten" sin der og har måtte tilbringe dagar på konsulat og ambasadar. Men nokre er vel særs uheldige og andre har flaks/eller er berett :)
Hei! Det er veldig spennande det som skjer no men du kan ikkje berre hoppe glatt over englane sin by på den måten! Hallo?????
Ah, kom hit og ver med på teater ja, det blir kjempebra!!:)
Herleg, herleg og superherleg, rett og slett! :)
Berre gi beskjed du, snupp!:)
Og ja, teater gir meg kjensler som er fantastiske under lesinga til eksamen! adrenalin.. ;) Treng ikkje rus!
nei, no synst eg det begynnner å bli for langt i mellom innlegga her...
eg veit, har blitt litt slov. Lovar fargerik Belizeoppdatering i morgon!!
eg gleder meg :)
Post a Comment