
Hardt vart det, men ogsaa ei fantastisk oppleving! Svetten rann og pusten gjekk, men belonninga var utruleg landskap og godt selskap. Vi var ei gruppe paa 15 og vart i byrjinga litt “skuffa” fordi vi var berre 6 “unge” (under 30, sorry De som er over :p), men alder har verkeleg ingenting aa sei naar ein reiser. Vi kom alle godt overeins og hadde ein knalltur.
Sidan vi har teke ekstremt mange bilete tilsaman, blir det ogsaa ein del bilete her, det er saa vanskeleg aa velge vekk!
Natlie (igjen) og Vivian fraa Canada

Jeff og Julia fraa Canada, paa ti aars bryllupsreise. Diverre har eg ikkje bilete av dei her.
Dei supre guidane vaare, Ozzi og Victor

og dei tre jordomreisande, Marie, meg og Kjartan. Kjartan er eit saers vanskeleg namn aa uttale for folk av utanlandsk opprinnelse, saa han fekk namnet Tor (som i han med hammaren) - dette vart vikinginteresserte Kjartan svaert glad for :) Eg derimot, blir berre kalla Gruneld o.l....
DAG 1
Dag 1 er den lettaste. "A walk in the park" kallar Ozzi det. Vi gjekk fraa 2700 moh til 3000 moh der campen laag.
Baererane gjer seg klare. Dei baerer bagane og soveposane vaare + mat og div. Dei er heilt utrulege, smaajoggar oppover i gummisandalar med fleire titalskilo i store sekkar paa ryggen!
Heile G.A.P-gjengen ved km82, som er der inkastien startar.

Campliv. Phil, Ray, Jeff og Kjartan kosar seg med ol etter dagens trim.
No comments:
Post a Comment