May 8, 2007

Machu Picchu del 2

DAG 2
Den tyngste dagen. Vi hadde heile 1200 m stigning, fraa 3000 moh til 4200 moh og ned att til 3600 moh. Ny frase: "Bloody Incas, bloody steps" Det er eit faktum at det er mykje meir slitsomt aa gaa i trapper enn aa berre gaa i ein oppoverbakke. Kokablada kom godt ned, vi har alle togge iherdig. Sliiiitsomt, men ei desto herlegare kjensle aa naa toppen! Daa vi kom fram til campen hadde eg hovudverk (noko eg aldri pleier aa ha) og Marie 39 i feber. Heldigvis vart vi begge friske att for neste vandring!



ein glad gjeng - Leon, Ray, Kjartan, Phil, Vivian og Jim

Dei driv med vardar i Peru ogsaa. Lokal variant; legg eit kokablad nederst og onsk deg noko.


Kjartan, meg og Marie paa 4200 moh


utsikt fraa teltet til meg og Marie. Om natta var det kaldt, paa med lamasokkane!!


Maten var heilt fantastisk, og vi fekk mykje av den. I motsetning til andre organiserte turar var eg aldri svolten (naermast: Marie, Vivian og Julia)

DAg 3
Mest nedover (ojojoj, saa vi kjenne det i leggane!), men den lengste dagsmarsjen. 16 km mot henholdsvis 10 og 12 dei to forste dagane. Til gjengjeld fekk vi varm dusj naar vi kom ned, etterlengta!! Etter middag og en ol vart det leggings (sidan det vert morkt saa tidleg og vi er saa slitne la vi oss ca 21 kvar kveld!) - opp kl.4 siste dag for aa faa med oss soloppgongen i Machu Picchu og vere dei forste paa aastaden :)

Ozzi pratar engasjert om inkafolket og peikar paa diverse "inca structures"

div "inca structures" :) Runde bygningar = religiose bygningar (ja, eg folger med i timen!)

HOVUDATTRAKSJONEN - MACHU PICCHU

Det saag morkt ut i byrjinga. Blei dette vaart lenge etterlengta bilete av heilagdomen?!?..






...heldigvis letta taaka og vi fekk tatt ca 50 versjonar av dette :) Eg held ein knapp paa Michael sine blinkskot.

Eg er imponert over dreneringssystemet til inkaane! (det er 16 fontener i Machu Picchu) Dette er deira alternativ til aa legge vatn i ror.


Soltempelet

Marie har eit spesielt lag med lamaene :p

Lamaen - vaart nye yndlingsdyr <3

5 comments:

Unknown said...

Dit vil eg også! Men trur eg hadde krepert underveis dersom eg skulle traska i alle dei trappene :P

Unknown said...

Hadde eg hatt eit lama, skulle det fått navnet Dalai! Men det sprøst om det hadde fått lov til å bære det navnet spesielt lenge..

Marièl said...

EG ER ATTENDE PÅ BLOGGER!!!

Marièl said...

1. Takk!
2. Ja, eg såg den omtala feilen i det sekundet eg logga på.. Dette skal jo sjølvsagt rettast opp på snøggast!
3. Det må du gjerne gjere!

Anonymous said...

Heihei
Me e også en gjeng som skal reise jorda rundt nå i januar 08.. Har en del spørsmål angående diverse ting og lurte derfor på om du har mulighet til å hjelpe oss?