Mar 22, 2007

stort og vakkert

Har no vore eit par dagar i Coffs Harbour og fire netter paa backpackarstaden Byron Bay. Eg har aldri vore heilt gira paa Australia, grunnen til at vi er her er at dei andre to (spes Marie) hadde lyst. Men eg maa seie eg blir meir overbevist for kvar dag. For det forste er det folka, dei er saa hygglige, utadvendte og bilde. Naar ein gaar ut av ein klesbutikk seier ekspeditoren "See you, darling!" som den mest naturlege ting i verda. For det andre er det naturen. Fordi om den her paa kysten kan sjaa ut som England eller Danmark (strender og flatt), er det likevel noko med lyset og fargane, det ser ut som tatt utifraa ein film eller eit maaleri. I tillegg dukkar det alle stader opp rare dyr, spesielt fuglar med laaange nebb og rare fargar.

For det tredje er det sjolve fenomenet Australia. Eg les no Bill Bryson si reiseberetning "Down under" og Australia ER fascinerande. F.eks det faktum at ingen av oss eigentleg veit noko om landet, utanom stikkorda kenguru og surfing. (OK, Isabel og co; Home and Away...) Eit saa stort og spanande land, og vi laerer ingenting om det paa skulen og les lite om det i Australia. Til gjengjeld hadde vaare australske vener aldri hoyrt om Mao Zedung! To tips: 1. Les "Down under" 2. Reis til Australia. Sjolv maa eg tilbake. Tre veker er altfor lite og vi har ikkje ein gong vore i den beromte og farlige outbacken.

Ein ting som Bill Bryson skriv om, er aussiane sin greie for gigantiske utgaaver av tilfeldige ting. Og det har vi faatt oppleve. I Couffs Harbour dyrkar dei bananer saa den storste severdigheten der var "The big banana". Eg og Marie tok oss like godt ein sykkeltur dit. Paa ein matpausestopp paa ein busstur kom vi over ei stor reke med lyskastarar i augene (!). I gaar saag vi ogsaa ein gigantisk ananas ut bussvinduet, diverre fekk vi ikkje fotografert denne....

No er vi i Airlie Beach. Her skal vi segle til dei beromte og visstnok ein av dei vakraste stadene i landet, Whitsundays islands. Der skal vi snorkle ved verdas storste levande organisme, Great barrier reef. To dagar og to netter paa ein baat med 26 andre. Vi gler oss!

Aa, bildene vil ikkje, saa dei kjem seinare...

5 comments:

Marie said...

hei. eg heite marie og eg fann aldri global gossip. det var ikkje med vilje, og eg forstaar FAEN ikkje kor den er. For ovrig er eg paa ein anna nettcafe og prova aa holde mine kroppslige vesker inne, daa eg maa kraftig paa do.

Middag snart? misa likes!

Unknown said...

Australia trur eg verkleg er ein av dei plassane på jorda eg mest kunne tenkt meg å dradd til. Ei venninde budde der i 3-4 månader (for det meste i Alice Springs) i fjor da ho reiste jorda rundt... Eg vil sjå bilder! :D

Er ikkje heilt sikker på om eg har nevnt det, men vi fikk postkortet fra deg for nokre veker sidan, og "Melkemannan" sa eg skulle hilse tilbake :P
Er totalt kaos på jobben for tida. Masse nye varer, ny plassering og nye disker..
Men no må eg mekke middag, Kylling og pommesfrites.. er lat i dag :p

Gunnhild said...

Aa, den beromte omlegginga! Det blir spennande aa sjaa :)

Unknown said...

home & away ja. For ikkje å gløyme politiagentene.
OG WATER RATS, som er bortimot forrige århundrets beste serie!

Anonymous said...

det jeg var ute etter, takk