I gaar tok vi turen til Lone Pine Koala Sanctuary, eit slags zoo med lokale dyr (det hoyres nesten ut som noko a la hjorteparken paa Svanoy, men lokale dyr faar ei heilt anna betydning her - Australia har dei ti giftigaste slangane i verda!!)

Koalaen sov eller kviler 19 timar i dognet!
Vi fekk sett alle dei obligatoriske australske dyra. Kenguru, koala, emu, wombat og eit hus med ekle og giftige slangar. K skulle vere toff og ta bilete med ein slange rundt halsen, men alt han fekk var ein liten pyton som ikkje var giftig :p Ellers fekk Marie sitt etterlengta klem-ein-koala-bilete. Eg var mest fascinert av kenguruane.

Vi blei overaska (og litt skeptiske i starten) daa vi saag at kenguruane ikkje var inngjerda, vi kunne gaa fritt blant dei og mate dei og ta paa dei. Daa var det artig aa sjaa australske ungar paa 2-3 aar som var like uredde og komfortable rundt kenguruane som om dei sjolv skulle vore ein. Kanskje ungane blir slik i Australia? Dei var saann "Dad, can you lift me up, I want to touch the emuuu!"

Legg merke til guten som matar kenguruane i bakgrunnen


Ein trott liten joey (kenguruunge) som laag litt unna resten av gjengen
Vi fekk ogsaa med oss nokre informative foredrag, eit om koalaen og eit om pytonslangen. Samvitet vart litt letta daa vi skjonte at dette er meir etisk ein eit vanleg zoo, dei arbeider for koalaenes beste. Dei har 130 koalaer paa reservatet, og dei har ulike namn paa og klarar aa skille alle fraa kvarandre! Ho med slangen fortalte oss korleis vi kunne unngaa slangebitt i "bushen" - vi er takknemmelege for at vi berre har hoggorm aa hanskast med!!
Paa alle slike attraksjonar ser vi skuleklassar paa ekskursjon - festlig med uniformane :)
Denne er ikkje noko eksotisk zoo-innslag, men ein heilt vanleg fugl eg knipsa i eit blomsterbed paa torget mitt i byen. Dette er som byduene heime, Australia har jo alltid ein meir eksotisk varient enn det vi er vande med (maa innromme eg stivnar litt naar desse hoppar opp paa benken og gaar mot meg - sjekk nebbet!)